Gå til innhold

Den store dagen

10. juni 2013
by

Så står eg der, og ser oppover. Ser på alle menneska, kjenner på forventningane.Grieghallen
Eg ser oppover og ser nærare 1500 menneske sitta der i Grieghallen. Dei ventar alle på det same, dei ventar på Not Here / Not ever.

Sidan eg starta i jobben i februar er det 3. juni som har stått fram som den store dagen. Dagen eg har jobba mot. Elddåpen kanskje. For som sals- og marknadsmedarbeidar med område Noreg, i eit kompani som ikkje har hatt forestillingar i Noreg sidan dei fyrste vekene mine i ny jobb, har eg ikkje før no fått sett resultat av arbeidet som vert gjort. Eit arbeid som inneber å kontakta interesserte grupper; som skular, som danseinteresserte og andre (som ein fyrst må finna ut kven er). Ringa, skriva e-postar, uendeleg med e-postar, og senda informasjonsmateriell i posten. Gå med plakatar og spreia det glade bodskap. Kom til Grieghallen, til Festspela!

Å følja med på billettsalet veke for veke, dag for dag, vakna begeistra opp ein laurdag og sjekka kor mange billettar som er selde sidan i går, det har vore kjekt. Det har vore ein spanande prosess, mykje usikkerheit og ei bratt læringskurve. Og difor kjennes det så utruleg godt å kikka oppover salen i Grieghallen og sjå at det nærast ikkje kunne vore seld fleire billettar, det er rett og slett fullt!

Det skal jo sjølvsagt seiast at dette ikkje mi forteneste; kollegaer, Festspillene og andre har nok størstedelen av æra, men eg har vore med på det, eg har bidrege – og det er fint! Eg tenker også som så, at sjølv om dette ikkje er beviset på at eg har gjort ein god jobb, så er det i alle fall heller ikkje beviset for at eg har gjort ein dårleg jobb, og det kan eg leva godt med.

Grieghallen var ein stad, Bergen veit du, byen eg kjenner. Etter sommaren startar eg opp med det same arbeidet, men mot andre byar over heile Noreg, små og store, stadar eg har vore og stadar eg aldri har sett min fot, så det er kanskje her den verkelege elddåpen kjem?

Til slutt må eg få sagt at eg skjønar at det ikkje er mine arbeidsoppgåver som er dei viktigaste i kompaniet, det er dei som arbeider hardare og betre enn meg, dei på og bak scena, for å nemna nokon liksom. Og forestillinga? Jo, den var vakker og intens! Og den kan definitivt anbefalast når vi til hausten skal på Noregsturné.

No comments yet

Legg igjen en kommentar