Gå til innhold

Ein arbeidsdag

27. mai 2013
by

Kva jobbar du eigentleg med, sånn heilt konkret? Kanskje eit relevant oppfølgingsspørsmål etter eg har sagt at eg jobbar med organisassjonsutvikling. Ein vanleg arbeidsdag er også denne månedens tema for karrierebloggen!

Vel, heilt konkret kan ein arbeidsdag sjå slik ut:

Morgonkaffi

Det hender at eg set meg på ein kafe før ni for å starte arbeidsdagen med ekstra god kaffi mens eg forbered noko. Her er utkast til ein tale som president Sven Mollekleiv skal halde om frivillighet.

Mellom 08.30-09.00 kjem eg inn på kontoret. Denne dagen kom eg 08.50, frisk og svett ettersom eg valde å gå til jobb. Der sit Morten og Kjetil på plass, og me seier alltid «HEI» før me jobbar vidare. Det gjeld å komme i gang før me eventuelt småpratar litt. Eg sjekkar mail, sorterer, svarer og printer ut noko til dagens første møte.

lokalforeningssamling

Planlegging er viktig for eit vellykka arrangement, her er resultatet ei veke etter dette møtet.

09:00: Daglig møte om  ei samling for lokalforeningsleiarar som skal vere snart. Me går gjennom program og diskuterer spesielt korleis me skal organisere gruppearbeida for 130 deltakarar. Me besluttar ein del praktiske ting og fordel oppgåver.

11:00: har ein liten halvtime før lunsj til å kalle inn til eit møte om eit kurs me utviklar og sende nokre e-postar.

11.30: Lunsj. Den kan vere seinere, den kan vere før, den kan bli droppa. Vanlegvis går me ned i kantina og stort set sit folk med kollegaer frå eigen seksjon eller avdeling.

12:00: Møter Øivind og me diuskuterer eit opplegg me skal ha på samlinga for leiarar og eit kurs me skal halde for hjelpekorpset om to veker. Me fordeler ansvaret for kven som skal halde kva i kurset.

13:00:  Bortimot kvar veke har seksjonen felles møte. Der får me oppdatering frå diverse leiarmøter som også gir tilbakemelding på sakar me jobbar med.  I møtet gjekk meg gjennom interne og eksterne seminar og samlingar som skal vere framover. Eg skal sjølv bidra til tre interne samlingar framover, og ville gjerne delta på seminar om frivillighet og får medhold i det. Me vurdere i fellesskap om me skal delta i ei undersøking via Folkeuniversitetet. Avdelingsleiar kjem innom og me skal komme med forslag til  neste års budsjett, det blir også ein samtale rundt å tenkje meir langsiktig og fritt i forhald til budsjett. Ingrid viser alle korleis frivillige søkar om å få ID-kort og korleis ein godkjenn søknaden. Dette er intern opplæring slik av vi andre også kan svare på spørsmål om dette. Avslutningsvis presenterer kollegaen min kjapt hovedresultata frå spørreundersøkelsen som me har jobba mykje med. Jamnt over visar nye frivillige seg å vere svært nøgde med opplæringstilbodet i Røde Kors, og me jublar for det.

To timar går fort i seksjonsmøtet, fordi det er ofte monge sakar, det er ikkje alltid me får tid til alle. I tillegg til behovet for å dele infromasjon og presentere for kvarande og få innspel.

15.00: Rydder desken litt. Pratepause på kontoret. Ein kollega stikk innom og me sleng beina på bordet. Me vekslar mellom å prate om jobb og om andre ting.drøs

15.15: Folk som kjem tidligare enn meg på jobb byrjar å gå heim. Eg stjel nøtter hos Martine frå nabokontoret og held med det ut litt lengre.  Det kjenns litt som om eg først no faktisk jobbar på ordentlig, og eg må minne meg sjølv om at møtene også er ein del av jobben. Eg forbereder ulike oppgåver til to forskjellige samlingar som skal arrangerast i nær framtid, og planlegg morgondagens møter. I denne tida for meg sjølv går eg også inn på kalenderen for å legge av tid i neste veke slik at eg kan sikre meg at eg gjennomfører det eg skal. For eksempel «les dokument», «forbered kurs» eller » snakk med X om det og det».

Det varierar veldig frå dag til dag om ein berre spring frå det eine møtet til det andre, eller om ein kan sitje og konsentrere seg om oppgåver. Ein blanding er normalen.

17.15: Ute skin sola og eg har etter tre år i arbeidslivet delvis lært meg å tenkje «det var nok for i dag», og vel å gjere det  omtrent på denne tida.

Reklame
One Comment leave one →
  1. Ella Fagerbakke permalink
    30. mai 2013 00:06

    Dette var kjekt å lesa Susanne.Akkurat som eg var inne i arbeidsdagen din på kontoret mens eg las! Takk!De gjer ein fantastisk innsats,som mange er takksame for.Eg kjenner deg så godt at eg veit at du er samvittighetsfull og genuin i det du gjer,og du kan med glede gi andre enn deg sjølv æra.Du er god for Røde Kors og for oss som er heldige å ha deg i vår svære.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: