Kven vil du vere på jobb?
Som eg har skrive tidlegare lærer eg veldig mykje nytt på jobb. Eg lærer både om meg sjølv, politikk og organisasjon, og ein heil del fagleg. Sidan eg er tilsett i pedagogisk seksjon lærer eg mellom anna ein heil del pedagogikk, som eg synst er veldig spennande. Til dømes har eg lært at ein viktig ingrediens i læringsarbeid er å ha eksempel og modellar for å vite korleis det ferdige resultatet skal sjå ut, om du gjer ting rett. Dersom du skal lage ein stol, er det veldig nyttig å ha sett ein stol, og vite korleis ein fin stol ser ut, for å få eit godt resultat. Best blir det om du har ein slik stol du vil lage tilgjengeleg undervegs i prosessen, slik at du kan studere løysingar og detaljar og samanlikne med det du gjer. Idrettsutøvarar brukar ofte videoopptak av eigne og andre sine gode prestasjonar for å studere korleis dei gjer det. Når du skal skrive ein tekst, hjelper det å ha lese andre gode tekstar i same sjanger først. Gode eksempel og modellar gir deg noko å strekke deg etter.
Eg trur at dette også kan overførast til det å vere arbeidstakar. Både for utføring av enkeltoppgåver, oppbygging av dagen, måten å kommunisere med kollegaer og andre og for karriereplanlegging er det nyttig å få innspel frå andre gjennom å observere kva dei gjer. Det er vanskeleg (og unødvendig) å skulle finne på alt heilt sjølv, sjølv om det naturlegvis er veldig lærerikt med ein del prøving og feiling. Noko du vil måtte gjennom uansett forresten, dei færraste klarar å lage ein perfekt stol på første forsøk, uavhengig av kor lenge dei har studert eksempelstolen. Men det gjer prosessen mykje enklare å ha ein idé om korleis eit godt produkt ser ut.
Ein av dei tinga eg er mest glad for med jobben min, er at eg har så mange gode modellar å observere. Kollegaene mine er dyktige, erfarne fagfolk med gjennomføringsevne, og i tillegg veldig hyggelige. I tillegg er eg så heldig at eg det første året eg var tilsett også hadde ein sjef som var fantastisk flink. Ho var fagleg, analytisk og strategisk svært skarp, og hadde ei evne til å skjere igjennom og finne gode løysingar, som var svært imponerande. Ho var også ein veldig god personalleiar, med ei god blanding av oppfølging, vere tilgjengeleg og å gje tilsette rom for autonomi i arbeidet.
Dessverre har ho no slutta for å starte i ein annan spennande jobb. Når ein sjef er så godt likt og respektert, blir sorga desto større når ho ikkje lenger skal vere sjef, sjølv om etterfølgjaren også er veldig flink. Det er veldig trist at ho har slutta, men eg er svært takknemleg for at eg fekk lov å observere og jobbe saman med ho dette året. Det finst ingen fasit på korleis ein perfekt stol ser ut, det kjem litt an på kva preferansar du har. Det gjeld nok også for kven du vil vere på arbeidsplassen. Ofte må du velje kva for ein modell du skal ta utgangspunkt i, basert på desse preferansane. Eg er glad for at eg, så tidleg i karrieren min, har fått ein så god modell å strekke meg etter.
Både sant og tydelig beskrevet. De samme kvalitetene viser du! Hilsen kollega Laila.