Gå til innhold

Ein vanleg dag på jobb

21. mai 2013
by

Kvardagen med studiar eller deltidsjobb er kjend for mange, men kva gjer ein eigentleg på kontoret dei åtte timane ein er der? – her er ein vanleg dag på jobb for meg.

Nesten framme på jobb

Nesten framme på jobb

Cirka halv ni kjem eg på jobb. Vanlegvis er eg den fyrste på kontoret, men ikkje i dag. Kompaniet er på veg på turné, og eg rekk å vinka til bussen som køyrer alle til flyplassen. Litt prat med kollegaer om den fantastiske 17. mai- og pinsehelga som var, og så er eg klar framfor datamaskina mi. Til min e-postkonto å vera har det kome mange e-postar som skal lesast etter langhelga. Dei som berre skal lesast og svarast enkelt på tar eg fyrst – slik ser det litt meir overkommelig ut etter kvart. Halv ti er det administrasjonsmøte med alle på kontoret. Vi går gjennom veka som kjem, og aktuelle spørsmål og saker vert tekne opp. Eg har fortalt mykje det same på desse møta; ”eg arbeider med sal til førestillinga, det er seld så og så mange billettar, i tillegg arbeider eg med sesongprogrammet” og kjenner at eg gler meg til eg får betre innsikt i fleire av oppgåvene mine og såleis får fleire ballar i lufta. Etter ein time med møte les eg korrektur på årsrapporten som snart skal i trykken, og gir denne vidare til nestemann som skal lesa. Eg registrerer presseomtale og ser meir på e-postane som krev litt meir tenking. Fristen for å svara på invitasjonen til vår neste førestilling i Bergen går ut i dag, og det kjem ynskjer og spørsmål knytt til kjøp av ekstra billettar og seteplassering av desse.

LUNSJ

Eg ser nærare på ein av tekstane som skal vera med i sesongprogrammet for neste sesong og sender den vidare. Sjølv med snart fire månader i denne jobben er det likevel ofte vanskeleg å skriva tekstar som skal brukast, eg er framleis på veg mot å koma under huda på kompaniet, men kjenner at det er eit stykke igjen. Eg får billetten min til opninga av Festspillene i morgon og gler meg til å sjå korleis denne blir i år. Så har alle som skal lesa korrektur gjort det, og eg sender årsrapporten vidare til endå ei retting, og tenker at så rart det er at ein alltid finn nye små feilar sjølv kor mange gongar ein les eit dokument og til slutt nærast kan det på rams. Eg lagar klar to plakatar som skal leverast i morgon. Skriv nokre fleire e-postar. Og plutseleg er klokka der og dagen er over.

Reklamer
No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: