Gå til innhold

Ny og frustrert

25. februar 2013
by

Det har snart gått ein månad sidan eg byrja i min nye jobb. Det er sjølvsagt mykje eg kan fortelja om, men det eg har kjent mest på i denne tida er ein enorm frustrasjon. Eg vert så frustrert over å vera så dum.

For alt må lærast, som ”korleis eg svarer på ei møte-innkalling i kalenderen” (skal eg svara godta med eller utan melding til innkallar? –eg vil jo gjera det riktig), bruk av fasttelefon (setta over til riktig person, henta inn anropet som ingen tar, og kva skal eg seia når eg svarer?) og ikkje minst høyra forskjell på kva som er dørtelefonen og nokon andre sin telefon. Små praktiske ting som er superenkle, når nokon fyrst har fortalt det til meg.

Også meir grunnleggande ting, som eg i utgangspunktet tenkjer eg er god til, kjenner eg meg dum i. For, det, går, så, sakte. Eg må tenka, lura, dobbeltsjekka. Kan denne e-posten mistolkast? Er eg heilt sikker på at det ikkje er nokon stavefeil her? Har eg lagt det inn på riktig dato? Eg arbeider i sneglefart og eg blir så frustrert, eg vil jo gjerne imponera!

Det er nemleg her eg ser at det skortar på erfaringa, at mastergrad og uendeleg med studiepoeng ikkje ser ut til å hjelpa. Utdanninga mi er fin, men den kan ikkje omsetjast direkte til praksis. Erfaringa eg fekk frå studia, er stort sett erfaring med å studera. Jobben min no handlar verken om litteratur, studieteknikk eller akademisk skriving. Jobben her må lærast, noko eg reknar med at dei fleste i ny jobb må. Det var berre eg som gløymte det ein augneblink i ny-jobb-rusen.

HF-biblioteket

Når du sit og stønnar over pensumet på HF-fakultet så kan det vera fint å tenkja på at uansett kva jobb eg får meg seinare, så går det heilt sikkert bra om eg gløymer noko av det eg nettopp las, for det er ikkje kva du klarer å pugga før eksamen som betyr noko i ein framtidig jobb, men korleis lærdomen gjer deg til eit menneske som reflekterer og kan tenkje sjølvstendig.

Og eg gler meg til eg vert trygg på meg sjølv og slepp å spørja om alt, og såleis kan handla litt meir sjølvstendig i min fine nye jobb.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: