Gå til innhold

Prosessen

21. januar 2013
by

Ei instilling er ei rekkje enkle setningar om kva organisasjonen skal gjere, og det tek ikkje nødvendigvis lang tid å vedta innhaldet i dei. Men no veit eg meir om kor mykje arbeid og ikkje minst tanke som ligg bak orda og rekkjefølgja av dei. Eit sakspapir, for meg,  viser seg å vere ei  mengde møter, dusinvis av diskusjonar, mykje fundering rundt formuleringar og tallause avklaringar, innspelsrundar og endringar.

I prosess

sakspapir i prosess

Då eg suste ut døra for å gå juleferien i møte, passerte eg avdelingsleiaren min. Ho kunne rapportere nesten direkte frå landsstyret at saken eg hadde jobba mykje med hadde gått bra. Ikkje berre bra, men kjempebra.

Styret gledde seg til og med til å sjå implementeringa. Litt paff måtte eg suse vidare ut døra, og eg kjende eg meg med eitt meir mottakeleg for avslapping og juleferiering.

IMG_6229

Før ferien feira me eit anna avslutta prosjekt: vårt første e-læringskurs

Du kan samanlikne situasjonen med å vente på ein eksamenskarakter: sjølv om eksamen er levert, ferien er i gong og du feirar semesterslutt, så feirar du ikkje heilt med hjarte før du har fått ein god karakter. Og så når du har fått karakteren, så lurar du litt på kva sensor syntes var bra, og kva sensor ikkje likte eller forstod, eller om han eller ho la merke til nyansane i analysen din. Men du kan ikkje tenkje så mykje meir på det, for det er  uansett ferie.

Heile høsten hadde eg kjend på at eg bevegde meg oppover ein nokså bratt læringskurve kalla ‘landsstyresaka’. Og der eg sat i solstolen i jula (ja, du leste riktig), funderte eg på: kva har eg eigentleg lært mens eg klatra på denne læringskurva? Hvis eg får i oppgåve å lage ein ny landsstyresak, ville eg visst nøyaktig koreis eg skulle gjere det igjen?

Eg måtte konkludere med at nei, eg har nok ikkje lært oppskrifta på «korleis lage ein landsstyresak» ein gong for alle. Det er monge faktorar som gjer at prosessen fram mot eit vedtak ikkje er likt frå ein gong til ein annan. Det var kanskje ein liten nedtur å erkjenne etter så mykje hardt arbeid.

Det er ikkje lett å sjå kva ein lærer tett på sjølve læringa. No til våren vil eg merke at eit enkelt ‘ja’ frå landsstyret på inga måte er ein avlsutning, men byrjinga på arbeidet med å implementere innhaldet i vedtaket. Men eg anar eit lite håp om at sjølv om det er vanskeleg heilt konkret seie kva eg har lært, så vil eg kanskje tenkje litt meir strategisk framover, sjå lettare kven eg må snakke med, ordlegge meg litt annleis, og kanskje bruke mindre energi på å gjennomføre oppgåvene undervegs, fordi eg har vore gjennom det ein gong før.

IMG_6194

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: