Gå til innhold

Hausten 2012

19. desember 2012
by

Mykje har skjedd sidan eg byrja å skriva for Karrierebloggen. Sidan i haust har eg;

  • søkt på 29 jobbar – alt frå bibliotekar til reisekoordinator.
  • fått 13 avslag – lika smerteleg kvar gong.
  • vore på 4 intervju – veldig oppløftande.
  • fått 1 jobb – heilt fantastisk!

I februar byrjar eg som sals- og marknadsmedarbeidar i Carte Blanche – det fantastiske dansekompaniet som held til i Bergen!

Trass i nokre tunge tankar i løpet av tida, har eg kjent det som om eg har vore på ein opptur heile vegen. Gjennom oppfølginga eg har fått frå Karrieresenteret har eg sett korleis eg har vorte meir medviten om kva jobbar eg kan få, kva eg er kvalifisert til og ikkje minst kva jobbar eg kan tenka meg. Jobben eg skal byrja i til neste år, hadde eg kanskje ikkje tenkt over at var ein jobb for meg, om ikkje det var for alt eg har lært denne hausten. Med meir spissa søknadar og CV har eg kome på fleire intervju enn tidlegare. Og ikkje minst har eg fått mykje større tryggleik kring intervjusituasjonen – eg er sjølve fasiten over kven eg er og kva eg meiner!

Jobben min er ikkje lenger å søka på jobbar. Kontoret mitt heime er ikkje lenger arbeidsplassen min. Eg gler meg til å starta i ny jobb!

Jobben min er ikkje lenger å søka på jobbar. Kontoret mitt heime er ikkje lenger arbeidsplassen min. Eg gler meg til å starta i ny jobb!

Eg gler meg over at eg verken er arbeidsledig eller arbeidssøkar lenger. Det er ekstremt tilfredsstillande å høyra at det er nokon som vil ha MEG i ein jobb. Men det er både spennande og skremmande å tenka på at eg skal inn i noko nytt, som eg ikkje veit korleis eg meistrar. Uansett så gler eg meg enormt til å få utfordrande oppgåver, læra noko nytt og til å koma inn i ein heilt ny kvardag!

Men sjølv om eg får meir å gjera til neste år, vil eg framleis skriva her og fortelja om korleis det er å vera ny i arbeidslivet.

Enn så lenge vil eg ynskja alle ei riktig så god jul! Og særskild til alle som søker etter jobb – jula er ei herleg tid der du kan pusta ut og tenka at det ordnar seg til neste år!

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: