Gå til innhold

Mitt verste intervju

27. oktober 2012
by

Tidleg i haust fekk eg e-post om innkalling til telefonintervju på ein jobb eg hadde søkt på. Sjølv om arbeidsstaden var Bergen vart det gjennomført telefonintervju som fyrste runde. Vel, tenkte eg, å bli innkalla til intervju er uansett kjekt. Men eg grua meg. Meg og telefonen har aldri vore veldig gode vener, men å bli ringt opp er trass alt betre enn å ringa sjølv.

Dagen kom, eg var nervøs. Eg førebudde meg på vanleg måte, i tillegg til tre spørsmål som var kome i e-posten og som eg skulle presentera for dei. Tida nærma seg, pulsen auka. Eg lurte; korleis skal eg sitta og te meg for å høyrast presentabel ut? På eit vanleg intervju vil ein kle seg opp, tørka sveitte av hendene, presentera seg og setja seg ned litt framover lent som ein har lært. Fyrsteinntrykk og presentasjon har eg forbunde mest med oppførsel, blikkontakt og smil, og så sat eg der å venta på ein telefon lang nede i sofaen som om eg snakka med kjende. Korleis gjera eit godt inntrykk gjennom telefonen?

Eg retta meg difor opp og kremta – telefonen ringde presist. Dei presenterte seg med namn og stilling, eg med mitt. Dei fortalte korleis intervjuet skulle gå føre seg, og eg sa greit. Så godt eg kunne presenterte eg svara eg hadde førebudd, utan å bli avbrote, utan å få eit hmm, jaa, interessant – ikkje eit ord. Eg snakka til nokon eg ikkje ein gong viste om lytta. Då eg ikkje hadde meir å seia kring spørsmåla sa eg nokså usikkert, at ja det er vel det, dei takka og informerte meg om den vidare gangen i tilsetjingsprosessen, og vi sa hadet godt.

Eg høyrde sjølvsagt ikkje noko før tilsetjinga var gjort – det vart ikkje meg. Men for meg står dette intervjuet fram som det verst tenkelege. Eg fekk ikkje fortalt noko om meg sjølv og vist kven eg er, og eg fekk ikkje sagt noko om kvifor stillinga kunne passa meg. Eg fekk berre snakka til ein vegg, med meir og meir usikker stemme og mindre og mindre sjølvtillit.

Neste gong, om det skjer, skal eg vera budd på eit taust telefonrøyr. Inntil det, prisar eg meg lykkeleg for at dei fleste intervju medfører augekontakt, smil og venlege kommentarar.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: