Gå til innhold

Som arbeidsledig er eg alltid på jobb

19. oktober 2012
by

Eg ser på det å vera arbeidssøkar som min jobb. Mange av dei daglege gjeremåla er tett knytt til det å vera arbeidssøkar, og dermed kjennes desse oppgåvene ut som ein jobb. Problemet er berre at eg aldri har fri frå å vera arbeidssøkar. Eg kan ikkje gå heim for dagen og legga oppgåvene frå meg, eg er allereie heime og jobben er der alltid. Fridomen vil fyrst koma den dagen eg sit med ein arbeidskontrakt i handa.

Fritid og jobb glir inn i kvarandre. Det kan samanliknast med å studera, du veit du har mange oppgåver, men på grunn av manglande tidsfrist er det lett å skyva dei framfor seg.

Eg har enormt mykje tid, men det verkar berre ikkje slik. For kva gjer eg? Jo, eg bruker lang tid på alt. Eg tenker at eg skal ta oppvasken og gå til sentrum før eg sit meg ned for å søka på jobbar, mange jobbar. Eg har jo heile dagen. Men når eg sit meg ned, rekk eg berre å leita etter utlyste jobbar før det er noko anna eg kunne gjort, og eg tenker at søknadsskriving, det tek eg ein annan dag. Klassisk utsetjingsdøme, men likefullt slitsamt.

For det er slitsamt å aldri sleppa unna det dårlege samvitet når eg sit meg ned for å lesa ei bok, går ein tur eller gjer noko anna som eg liker. Det er slitsamt å alltid skulla vera på hugget, oppdatert og entusiastisk for arbeidssøking. Det er slitsamt å aldri ha fri.

Men det fins to tilstandar der eg slepp unna. Når eg er sjuk, og når eg er på ferietur. Eg føretrekk å reisa. Og det har eg heldigvis fått gjort litt dette året – sist til Stockholm. Grunnen til den fullstendige fridomskjensla handlar sjølvsagt om at ferie er ferie, men det er også det at eg har hatt ein tidfrist før reisa. Eg har søkt på alle jobbane eg hadde tenkt, og eg har sett ein siste gong etter nye utlysingar på nettet før eg reiser (og veit at dei framleis vil vera der når eg kjem att). Eg har rett og slett ingenting å ha dårleg samvit for – eg kjenner meg fri!

2 kommentarer leave one →
  1. Olav Kyrre von Tangen Ludvigsen permalink
    26. oktober 2012 09:45

    Dette var jo som å lese om meg selv!
    Jeg HAR en jobb, men det er bare 60%, og som singel er jeg nødt ti å ha 100%!
    Sliter ogsaa med daarlig samvittighet for at jeg ikke alltid orker å være paa hugget ift. jobbsøking. Sliter ogsaa med samvittigheten ift. dèt å lete efter en jobb jeg faktisk kunne tenke meg, og som jeg føler jeg behersker, kontra det å bare søke paa en jobb (som jeg egentlig ikke vil ha) for å overleve. Føler jeg overlever mer enn jeg lever.
    Har ikke internett der jeg bor heller, saa jeg sitter paa jobben efter jobben og leter efter jobb! Økonomien min tillater dessverre ikke at jeg faar reist noe særlig, men jeg trøster meg med en og annen fotballkamp, enten live, paa en pub eller hos en tjommi.

  2. 27. oktober 2012 10:28

    Takk for kommentaren! Det er i grunn fint å høyra at eg ikkje er aleine om å slita med dette, for jobbsøking og leiting er ein einsam jobb, og det er ikkje alltid like lett å utveksla frustrasjonen med andre. Eg har trua på å prøva å senka sine eigne krav og prøva å vera nøgd med dei søknadane som vert sendt (sjølv om dette er ekstremt vanskeleg), og ikkje minst å ta godt vare på stundene med fridom ein har, om det er på tur eller fotballkamp…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: