Gå til innhold

Det kan vere slitsomt å gå med ny-brillene på

26. september 2012
by

Når ein er ny i ein jobb så blir ein trøytt på ein annan måte. I byrjinga hadde eg ikkje energi til så mykje anna enn å vere på jobb i løpet av ein dag. Ein går rundt med antennene på heile tida: vil få med seg all kunnskapen som ligg mellom linjene i det som blir sagt, forstå situasjonen, vere . Hvis eg for eksempel foreslår noko, så stikk det av og til litt etterpå: for tenk om det eg seier er heilt skivebom?

Og av og til er det skivebom. Av og til trekk eg feil konklusjonar fordi eg ikkje ser heile biletet enda. Eller det dukkar opp utfordringar eg ikkje har sett føre meg i det heile tatt. Det skjer mykje på kort tid, og nokon gongar glipp det. Som ny, kan det nesten opplevast som verdens undergang. Men, å oppleve ein feil som verdens undergang er kanskje den største feilen. Å ha ei haldning om å bruke erfaringra til å gjere ting annsleis neste omgong er eit betre fokus, og vil gjere deg svært verdifull på sikt.

Måten nytilsette tenkjer på er i seg sjølv verdifull. Då ser ein ikkje ser alle rammene og veit alle ‘know hows’. Difor set eg stor pris på å fylgje Cathrine som er min vikar i dette året eg er i ein annan seksjon.  For sjølv om Cathrine drar seg i hovudet over uforutsette utfordringar i periodar, så ser eg at ho tenkjer veldig godt og ansleis om andre oppgåver der eg sjølv ikkje såg potensialet.

Når eg sjølv kjenner på kjensla av verdas undergang, så unngås den jevnlig ved at fine kollegaer påpeiker, eller kjem inn på kontoret mitt eins ærend for å seie at eg må for all del fortsette å stille spørmål og komme med forslag, for sjølv om det av og til ikkje er rett eller kan gjennomførast på grunn av tida og veien, så er perspektivet frå ny-briller verdifullt og ønska.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: