Skip to content

The office

7. mai 2012

Når ein “skryt” av sine nynorskeigenskapar må ein rekne med å bli utfordra til ikkje berre å skrive om at ein beherskar målforma, men faktisk skrive nynorsk. Eg ser den, og skriv difor dette innlegget på nynorsk. Ha raudpennen klar, folkens! This one is for you, Gro!

Først et kort tilbakeblikk på førre innlegg. Eg hadde jo laga min første pm. Bra Ingrid, bra, bortsett frå ein liten ting: det firetalet du gløymde på slutten av telefonnummeret til kontaktpersonen. #rookymistake Eg kan ikkje anna enn å le og ein ting er sikkert og visst, eg har lært. Men det gjekk bra, vi fekk presse #phew!

Apropos det å le, kunne sjå med humør på feila sine og lære av dei, dette innlegget handlar om kontorlivet, humor og humør på arbeidsplassen.

Humor på arbeidsplassen er for meg heilt uunnverleg. Eg hugsar første gang eg så “The office” med Ricky Gervais på fjernsyn, og nesten ikkje klarte puste fordi eg lo sånn. Visst du ikkje har stifta kjennskap med rollefiguren David Brent vil eg anbefale deg å gjere det snarast. Han kjem med tips som kan vere til hjelp i det daglege. Eg likar spesielt desse to sitata

Remember the 3 golden rules:

1. It was like that when I got here.

2. I didn’t do it.

3. (To your Boss) I like your style.

If at first you don’t succeed, remove all evidence you ever tried.

Funny? Det syntes i alle fall eg.

Eg trur eg har medfødt hang til kontorhumor, fordi eg i utgangspunktet liker tørr humor. Til dømes denne kommentaren (sjå bilete til venstre). Vi hadde diskutert kven sin tur det var å skrive møtereferat og eg hevda mi uskuld. Men kollega Odd Bjørn finn sakslista frå førre møte og eg er avslørt!

Det er ganske fascinerande kor raskt ein kjem inn i kontorrytmen. Eg trur eg var så open for noko nytt og så klar for å begynne å jobbe at eg absorberte alt og adopterte vanar og uskrivne reglar før eg visste ordet av det.

For du veit du har adoptert kontorlivet når

  • du “pyntar” båsen din
Geriljajulepynting på kontoret: Pepparkaker for vaksne
  • du “pynter” andres bås til jul
  • du har eigen kaffikopp med dymoteip med namnet ditt på
  • du blir irritert dersom noen tar koppen (navnet står jo på koppen!?!)
  • du et lunsj kl 1030
  • du blir fortvilt når Lene ikkje er på jobb og kan halde dagens pausegym til 80-tals musikk
  • du får “klokka 14 -knekken” og må ha avis+fruktpause
  • du har ditt eige lager med løsvektte, te i pose, pulverkaffi, nøtter, konfekt og drops i skapet ditt
  • du har innesko ståande på jobben
  • du har dressjakke hengande i skapet (i tilfelle direktøren kjem på besøk)
  • du har fire klesrullar liggande i kontorskuffen (eg fell blode hår kor enn eg går)
  • du er førstemann som kjøper lodd i vinlotteriet kvar fredag
  • du har ei naiv tru på at du faktisk vinn
  • du står klar presis kl 1330 i biblioteket kvar fredag for å sikre deg fredagskake
  • du seier “god middag” i staden for “hadet” når du går for dagen

Men kontorlivet er i grunnen nokså likt livet på ein lesesal. Overgangen er ganske mjuk.  Kontorlandskapet er jo litt som ein stor lesesal.  Bortsett frå at

–          ein ALLTID får plass

–          kaffien er gratis

–          lønna kjem 12 kvar månad

På mange måtar er det å begynne å jobbe litt som å være student på første år. Det tar litt tid å sette seg inn i alt, vite kor ting er og kva folk heiter. Som student bryt ein isen og vert varm i trøya ved å være sosial og delta på ymse aktivitetar, noko eg har tatt med meg inn i arbeidslivet.

Frå skitur med gode kollegaer over Hardangerjøkulen for nokre veker sidan. Her er vi på høgaste punktet, 1863 moh.

Eg har engasjert meg i det sosiale på kontoret for å lære folk å kjenne og gje noko tilbake til alle dei fine kollegaene mine som har teke meg så vel i mot. Det er ein god måte å bidra til det sosiale på arbeidsplassen, skape god stemning og godt humør. Noko eg set stor pris på når andre gjer, og som eg håpar mine kollegaer set pris på.

Eg tur at eg kan gjere ein betre jobb når eg kjenner kollegaene mine. Då er terskelen for å spørje om hjelp eller stille spørsmål lågare og samarbeidet vert enklare. Det handlar ikkje om at ein skal verte venner på privaten, men om å vise interesse for å lære dei å kjenne som kollegaer.

God middag!

(ps: Kor mange feil skrivefeil hadde eg?)

Reklamer
No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

%d bloggere like this: