Gå til innhold

Arbeiderens dag

1. mai 2012
by

At eg kan ha «8 Timer arbejde, 8 Timer frihed, 8 Timer hvile» kvar dag kan eg takke fagorganisasjonene på 1880tallet for.  Nyhendene fortel at ungdommar i dag ikkje veit kvifor me markerar 1. mai. Det kan hende at dei feirar fridagen meir enn innhaldet.

Mine vener og kjente forheld seg ulikt til denne merkedagen. Nokon skal i tog og kan alle versa til «Internasjonalen», andre nøyer seg med eit «Gratulerar med dagen» på Facebook. Fleire forheld seg ikkje til det i det heile tatt. Det vert ein fin dag til å grille og feire at våren er komen. «Hurra for 1. mai» postar nokon med bilete av seg og vener som kosar seg i sola. Kva legg folk eigentleg i det?

Det er no mitt andre år som arbeidar. Endrar det mitt syn på 1. mai? Eg går ikkje i tog, og kan ikkje alle versa på «Internasjonalen». Flagga og ferie-stemninga i byen minnar meg allikevel om at det ikkje er ein vanleg dag. Det snik seg inn nokre refleksjonar rundt aukande forskjellar i Noreg trass like rettighetar, arbeidslausa i Europa og dårlige kår for arbeidsmigrantar som kjem her for eit betre liv. Tendensar og fakta som eg veit og kan, men som eg gløymer litt i min travle arbeidskvardag.

I samtlige samtalar kjem ein inn på temaet 1. mai, og i samtlige av desse samtalene er konklusjonen at me er heldige som arbeider under gode og ryddige forhald. Me vert altså litt ekstra bevisst dei rettigheitane og godene me har i dag.

Slike tankar og samtalar kan gjere merkedagar som 1. mai både bevisstgjerande og holdningsskapande. På eit eller anna tidspunkt vil ‘ungdommane no til dags’ i alle aldre, om dei ikkje allereie gjer det, tenkje over «kvifor har eg eigentleg fri i dag»? Forhåpentlegvis fører det tankebanane inn på nokre solidariske spor.

Friheit den 1. mai

2 kommentarer leave one →
  1. mirjam permalink
    3. mai 2012 00:06

    dette vart jo ein fin liten sak! kanskje eg skal gå i tog neste år…det var uansett stas og feire dagen med deg :p

    • Susanne permalink
      13. mai 2012 21:37

      Tusen takk Mirjam. Takkar også for ein fin dag med deg, og for at du ville dele biletene du tok med den store vide weben.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: