Gå til innhold

Beiteskifte

19. april 2012
by

Kortid er det rett tid å gå vidare frå ein jobb til ein annan?

For å vere heilt ærleg så har eg ikkje hatt peiling på kva eg skulle finne på etter denne jobben. Det var jo drøymejobben. Den kom brått på, eg stupte til Oslo og byrja å tråkke her. Eg gjekk meg til og etter kvart kjente eg meg endeleg varm i trøya.

Difor passa det rett og slett ikkje, at det vart utlyst eit vikariat i ein annan avdeling som prøvde å fortelje meg fylgjande: «Susanne, dette er vegen å gå for deg, du berre veit det ikkje enda». Nei, tenkte eg. Eg er der eg skal vere no. Dessutan har eg servert fylgjande strofe til kreti og pleti: «Etter Røde Kors Ungdom skal eg gjere noko heilt anna, få nye perspektiv, kanskje noko knytta til det eg skreiv masteroppgåva mi om».

Å jobbe med veiledning i ein ungdomsorganisasjon er meiningsfullt og gøy, men eg ville helst unngå å bli ein pamp eller det Solveig Schytz så fint kallar ein ildpropp.

Det var allikevel noko som drog meg mot utlysninga. Det var strengt tatt den  stillinga på ‘huset’ (les hovudkontoret) som eg syntest var spesielt aktuell for meg. Frivillighetsstøtte og opplæring. Forsiktig prøvde eg å snakke litt med relevante personar om kva denne jobben ville innebere. Dei forsiktige samtalane gjorde meg engasjert og eg byrja å sjå parallellar og synergiar i hytt og pine. Eg søkte.

Innstillinga mi var først og framst at det var prematurt å flytte på seg no, at det var så monge ting eg ikkje er ferdig med og at eg trives så godt der eg er. Eg hadde tenkt å vere minst tre år i første jobben min, og følte det ikkje var riktig å gå vidare allereie.

Eg skal fylle skor og holde setet varmt for Kristine

Eg skal fylle skor og holde setet varmt for denne dyktige dama.

Litt etter litt såg eg at å få fritak frå jobben for å jobbe vidare med organsiasjonsutvikling strengt tatt ikkje var eit problem, men ein fantastisk moglegheit til å lære meir om det eg allerede likar så godt å jobbe med.  Å ta med ungdomskompetansen eg har tilegna meg iløpet av åra inn i «moder’n» (les Røde Kors) kan kanskje vere nyttig, og eg vil få mykje innsikt som kjem Røde Kors Ungdom til gode.

Eg hadde den berømmelige foten innanfor. Idet eg vart jobben visste eg at eg ville sei ja.

Igjen tenkjer eg litt på bøffelen, som peikar i ei retning eg ikkje heilt veit kvar er. Men eg fylgjer med; forventningsfull, spent og litt kald i trøya.

Kunne du tenkje deg å vere meg (organisasjonsutviklar), sjefen min (seksjonsledar) eller kollegaen min (kommunikasjonsrådgivar) må du fylgje med på Røde Kors sine stillingsutlysningar. Her er det nokre spanande ledige stillingar i ein fantastisk organsiasjon. Røde Kors Ungdom satsar ofte på nyutdanna som har organisasjonserfaring.

Reklame over.

2 kommentarer leave one →
  1. 19. april 2012 16:20

    Ta jobben!

  2. Susanne permalink
    20. april 2012 15:58

    Det gjorde eg jo 🙂 Det er både skummelt og veldig gøy. Er spent på kven som skal ha min jobb, og gler meg til å samarbeide med den personen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: