Gå til innhold

Varaverner

3. februar 2012
by

Over halve dagen går til å vere på jobb.  Åtte timar er ei normal lengde på ein jobbdag og etter det har ein fem-seks timar til det som måtte enn vere ‘resten’. Trivsel og velvera på jobben er derfor heilt klart ein avgjerande faktor for korleis du har det sånn ellers også.

Alt frå å ha ein for lav stol  til korleis kollegaer snakkar med kvarandre kan være det som avgjer kor bra, eller dårlig, du har det.  Det kan altså vere den fysiske arbeidsplassen, det faglige samarbeid med kollegaer, det sosiale, løn og tilsetteforhald, innhaldet i oppgåvene dine, arbeidspresset, overodna ledelse, forhaldet til din nærmaste ledar, kva tilbakemeldingar og oppfylging ein får eller omdømme til arbeidsplassen du jobbar på.

Før

No. Denne skjermen har gjort min arbeidskvardag betydelig betre

For å stikke fingeren i jorda og forbetre Røde Kors som arbeidsplass vart det gjennomført ein medarbeiderundersøkelse for alle tilsette i oktober 2011 og resultata vart kom like før juleferien. Parallelt med dette vart eg vald inn som varavernombud for mi eigen avdeling og ei anna, større avdeling. Med det fekk eg i oppgåve å koble meg tettare på oppfylginga av resultata.

Å få tilbakemelding på ulike aspekt ved arbeidsmiljøet sitt er spanande, for det er litt som å få vite kva andre tenkjer og om andre tenkjer som deg sjølv.

Undersøkinga kom med ein veiledar om kva faktorar som tell meir eller mindre inn på arbeidsmiljøet. Der stod det for eksempel at korleis du opplev omdøme til organisasjonen tel 21% inn på di arbeidsglede, mens samarbeid innverkar med berre 8%. Sjølv om dette var veiledane for kva område og tiltak ein kunne sjå nærare på, er eg glad for at dette ikkje fekk fokus i vår avdeling. Me hoppa også over den store diskusjonen om metode: Korleis kan det ha seg at nærmaste ledar berre påvirkar 7% og kva betyr 80 peng på ein skala versus 85 poeng?

Fasit?

Det var min klare verneombud-magefølelse (hvis eg kan pådra meg ein slik tillitsvalgintuisjon allereie) at dersom me skal få ein god prosess ut av resultata må me først og fremst ikkje henge oss opp i «poeng» på skalaen, eller forutbestemte kalkulasjonar for kva som skal bety noko for vår arbeidskvardag.

Me får eit knippe resultat, stort sett som forventa, stort sett veldig bra, og nokre overraskelsar. Hvis me tek utgangspunkt i reaultata, så er det eit godt grunnlag for vidare diskusjon. Hvis tala me får presentert  ikkje stemmer overens med kva me sjølv opplev, så er det heller det me opplev som er det gunstig å sjå på.

Ein slik undersøkelse var altså ein god igangsettar, me har diskutert i fleire omgongar kva me vil vektlegge av tiltak og ikkje minst, fortsette med av det me allereie er gode på.  Godt verktøy, som forutsettar at me kan diskutere desse tinga opent, og at ein klarar å ta nokre av resultata med ei klype salt.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: