Gå til innhold

November

30. november 2011
by

Det klassiske "slik ser livet mitt ut no"-bilete som er mistenkeleg lik det for eitt år sidan.

November tek tankane, med sitt mørke og si kulde, eitt år tilbake i tid. Då ordna eg meg ein lettvindt middag etter jobb og benka meg føre skjermen med masteroppgåva. Eg spente av skorne etter alle var gått heim frå kontoret og sat med beina i kryss  (andre teikn: ustelt hår, joggebukse og ullsokkar). Eg stirde på skjermen og skreiv til augo svei, det vart alltid seint før eg kunne gå heim og føle at eg var komt eitt skritt nærare levering. Eksklusjon frå det sosiale liv var nødvendig og eg gav beskjed om at me kunne snakkast normalt etter leveringsfrist 1. desember.

Sjølv om oppgåva er levert og studietida er komt på avstand er det faktisk litt av den same kjensla eg har no i november. Det er monge ting som skal landast  før budsjettåret er omme. Pengane eg forvaltar skal vere ferdig utdelt 1. desember og hånboka eg skreiv om sist har deadline 10. desember. Eg tek kveldane i bruk for å få alt i havn. Mens mørket sig på høyrer eg på høstmusikk, drikk te og jobbar. Då kjennst det nett som før.  Følelsen av å jobbe intensivt, i ei boble, mot eit visst punkt, ein viss datodato, ein viktig deadline, levering! Litt heva skuldre og litt trøytt i trynet.

Eitt av fleire bilete som vert laga høsten 2010. Kvifor sende melding til bror min når eg kunne formidle gjennom kunsten?

Det er også eit anna velkjent kjennteikn frå studiatida som trer fram: behovet for å prokrastinere. Når ein føler at ein har veldig mykje å gjere, så får ein lyst til å gjere allslags andre ting. Som då eg for omtrendt eitt år sidan  sat og skreiv og kom på at eg ville lage jule-buttons til alle i avdelinga mi. Eg brukte omlag tre-fire av nattestimene til å finne bileter av kollegaer, klippe ut nissehuer, lime saman og lage buttons. Og då eg oppdaga linken til dette teikneprogrammet, ja då var det gjort. Timar kunne fyke forbi.

Det er allikevel noko fint med slike intensive inn-i-bobla-tider også. Når sjølvdispilinen kickar inn og ein jobbar effektivt og konsentrert. Kjenne på at ein verkeleg er inne i det ein held på med.  Etter kvart så byrjar ein også å tenkjer fram mot sluttproduktet med glede: Tenk når håndboka er ferdig, tenk når eg har uttdelt alle midla til lokalforeiningar, tenk når den rapporten er sendt, tenk så deilig det skal bli! For då ventar premien:  folk som vil feire og følelsen av ein velfortjent juleferie!

Lykke til alle som sit med leveringsfrist, eksamen, deadline eller berre har mykje å gjere!

One Comment leave one →
  1. Susanne permalink
    7. desember 2011 15:12

    Sjekk denne, meir tidsfordriv: http://gamma.kaldera.no/svada/

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: