Gå til innhold

Ny jobb?

17. august 2011
by

I dag tidleg verka ikkje adgangskortet mitt då eg kom på jobb. Det var den første praktiske konsekvensen av ein overgang som både er veldig stor, og ganske ubetydelig. Eg har nemlig skifta jobb. Frå og med for to dagar sidan er eg ikkje lenger trainee, no er eg fast tilsett rådgivar. Når eg skriv at det at adgangskortet ikkje verka er den første praktiske konsekvensen, er det eigentleg løgn. For det er ikkje sånn at eg berre held fram i den same jobben som eg har hatt i eitt år, mykje er endra. Men det har skjedd litt gradvis, heilt frå eg takka ja til tilbodet om fast jobb i mars, eller når det var, har eg blitt litt og litt meir rådgivar, og stadig mindre trainee.

Likevel har eg hatt, og kunne tillate meg å ta, ei anna rolle enn dei andre som har fått den litt rare tittelen rådgivar. Nettopp fordi eg har vore trainee (som er ein minst like rar tittel). Ein del av opplegget var at eg skulle vere med å definere innhaldet i jobben sjølv, noko eg i stor grad har gjort. Og i prosessen tatt meg ein heil del fridomar som andre tilsette ikkje utan vidare kan gjere. Det er ikkje snakk om dramatiske forskjellar, men eg har for eksempel ikkje brydd meg så veldig om å gå tenesteveg. Eller spørje om lov til å delta på ulike møter. Eller tenkt over om dette er ei oppgåve som nokon andre burde gjere, eller ikkje burde gjerast i det heile. Eg har bare gjort det eg har vurdert som fornuftig, og hovudsakleg rapportert til meg sjølv. Noko som har vore både veldig kjekt og ganske utfordrande.

Den siste tida har eg stort sett berre jobba med oppgåver som høyrer til den ”nye” jobben, så på måndag var det ingen andre enn meg som tenkte over at eg hadde slutta i ein og starta i ein annan. Og eg tenkte ikkje særlig over det sjølv heller, for det hadde jo strengt tatt ingen praktiske konsekvensar. Før i dag, då eg ikkje kom meg gjennom slusa i resepsjonen, datoen for kor lenge det midlertidige kortet mitt var gyldig var passert, og eg måtte få eit skikkelig kort, med bilde og tittel og greier.

No er det slutt på å ta seg fridomar, og på å alltid tenke at om eg ikkje får til det eg vil kan eg alltids unnskuldast med at eg er ny. No er det alvor. Men det er eigentleg ganske fint. Eg får jobbe med kjempespennande oppgåver med mykje ansvar, og det er forventa at eg er flink til jobben min. Og så slepp eg å vere knytt til tre ulike avdelingar, dei to der eg har jobba, pluss organisasjonsavdelinga som eg formelt har vore tilsett i. Det kan innimellom vere ganske slitsamt. No har eg ei avdeling, ein seksjon, og ein sjef. Eg har gått opp i løn, endra signaturen på e-posten min, og altså fått nytt adgangskort. Ja, det er fint å vere fast tilsett.

4 kommentarer leave one →
  1. Linda M. Midtbø permalink
    18. august 2011 11:28

    Gratulerer med start i ny, fast jobb! 🙂 Satser på at du fortsetter å blogge ei stund til, for eg koser meg med å lese om alle dei rare tankane vi normalt har i hodet. Ikkje minst angsten for å ikkje duge når man er ny og nyutdanna, det går jo på eit merkelig vis alltid bra til slutt og gjerne litt bedre også 🙂 Snakkast snart!

    Klem fra Linda

  2. Eva permalink
    18. august 2011 17:05

    Takk! Veldig kjekt å høyre at det eg skriv er gjenkjennelig for fleire. Skal i utgangspunktet halde fram med blogginga ut året 🙂

  3. Martin Halvorsen permalink
    22. august 2011 10:12

    Flott innlegg om overgangen fra trainee til rådgiver i Fylkeskommunen Eva. Her er noen betraktninger rundt de juridiske forholdene for traineestillinger generelt..http://www.karrieremagasinet.no/Trainee/Kaleidoskopets-traineeundersoekelse/Traineers-rett-til-fast-jobb

  4. Eva permalink
    23. august 2011 07:49

    Takk for det – interessant å lese litt om jussen i det også!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: