Gå til innhold

Den finaste veka i året

3. august 2011
by

Den siste tida har tankar omkring korleis det er å vere ny i jobben ikkje hatt særleg stor plass i hovudet mitt. Eg hadde ingen planar for det neste innlegget eg skulle skrive, og no kjennast det litt meiningslaust å skulle legge ut om all slags små og (relativt) store, reelle og imaginære problem ein kan oppleve som nytilsett. Derfor tenkte eg at eg i staden skulle skrive om noko som har gitt meg mykje god ballast for å ta fatt på arbeidslivet, mange gode erfaringar og lærdom, og ikkje minst mange gode minne.

Då eg var 14 år starta eg å engasjere meg politisk, og dei neste 8 -10 åra var eg veldig aktiv, både i moderpartiet, og hovudsakleg i ungdomspartiet. Eg hadde verv i lokallag, fylkeslag, landsstyret og ulike utval, og brukte svært mykje av fritida (og for så vidt skule- og studietida) mi på politikk. Kvar sommar var ei veke hellig, sommarleirveka, og eg har utallige gode minne frå både sol- og regnfulle sommardagar og -netter via til politisk skolering og debatt, men framfor alt til vennskap og kameratskap.

Sommarleir var den beste veka i året, for då vart dei hardaste interne motsetnadane lagt vekk for ei stund. Det var fotballturneringa som var arena for dei mest intense meiningsutvekslingane og heftigaste kjenslene, men alltid med ei grunnleggande forståing av fellesskap, på tvers av dei bortimot uforsonlege regionale skilnadane. Stemninga og den altoverskuggande kjensla av meining og lykke, i seks dagar til ende, var eit verdifullt pusterom i ein, til tider, ganske krevjande organisasjonskvardag. For det var ikkje berre idyll resten av året.

Eg veit ikkje korleis det er i andre organisasjonar, men i dei eg har erfaring frå leikte vi ikkje politikk. Spesielt i ungdomsorganisasjonen kunne det gå hardt for seg, og ueinigheitene kunne føre til harde konfliktar. Men sjølv om det kunne vere tøft, var jo grunnen at vi var så utrolig overbeviste, så bestemte på at vi skulle gjere verda til ein betre stad. Og sjølv om det var tøft i blant, var det jo også i hovudsak veldig givande og meiningsfullt, elles hadde eg ikkje blitt verande så lenge. Debattane vart så intense, fordi kjenslene, engansjementet og overtydinga var så intens. Marianne frå Karrieresenteret har skildra det veldig godt i dette innlegget.

Det er nok mange ulike erfaringar frå ungdomsorganisasjonar, og det er ikkje sikkert alle opplever harde konfliktar. Men dei som brukar mykje tid og krefter på politikken vil sikkert komme opp i ein del vanskelege situasjonar. Noko som er veldig bra, fordi eg i ettertid ser at det var det som var det mest lærerike. Med alle dei spissa konfliktane eg har vore del av, har eg lært om menneske, om organisasjonar og om meg sjølv. Og eg har fått erfaring med å vere i konflikt med menneske eg må jobbe saman med og møte på ulike måtar. Ikkje minst er erfaringar frå ungdomspolitikk (eller andre organisasjonar, som sjefen til Susanne) den beste demokratiopplæringa det er mogleg å få, noko som er nyttig både i jobben og i samfunnslivet.

I jobben har eg vore svært takknemlig for alt eg har lært gjennom å ha vore del av det politiske systemet. Den siste tida har eg sett enno meir pris på at eg brukte mykje av ungdomstida mi på det statsministeren kallar det finaste i vårt demokrati, og eg kjenner meg stolt og glad for at vi har slike organisasjonar, og slike moglegheiter. Og eg har tenkt mykje på kor ufatteleg mange fine stunder eg har hatt på sommarleir. Eg håpar også framtida vil gje mange tusenar av ungdommar like gode erfaringar og fine opplevingar.

2 kommentarer leave one →
  1. Susanne permalink
    4. august 2011 11:59

    Takk for eit veldig godt og engasjerandre innlegg! Du set ord på monge tankar jeg sjølv sit med! Det er absolutt det finaste i demokratiet at ungdommar engasjerar seg og tek til ordet, nokon for første gong, og påpeikar kva dei vil endre, jobbe for, kjempe mot i samfunnet vårt. Eg hadde ikkje vert den eg er, eller vert der eg er no foruten erfaringane frå Røde Kors Ungdom, og eg ser den same effekten i frivillege rundt meg i det som no er jobben min. Eg håpar også at monge fleire unge vil finne vegen til sin organisasjon for å kunne meine, lære, stemme, bade, diskutere, kline, spele fotball og vekse som menneske på framtidige sommarleirar. Verda treng dykk!

  2. Eva permalink
    5. august 2011 07:09

    Tusen takk for det 🙂 Eg kjenner at eg i desse dagar er litt misunneleg på deg som får lov å jobbe i ein så bra organisasjon på heiltid!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: