Gå til innhold

Generalsekretærar måtte også skrive gode søknadar ein gong i si tid

3. juni 2011
by

Toppledelsen ynskjer Åsne velkommen som ny generalsekretær

Etter Børge Brende slutta som generalserketær i Røde Kors har me venta spent på å finne ut av kven som ville ta over. På onsdag fekk me nyhenda om at Åsne Havnelid vert den nye sjefen over alle sjefer.

Det kom meg for øyret at det var tre typar kandidater til den ettertrakta stillingen: Dei som søkte, dei som ikkje søkte men venta på ein førespurnad, og dei som er så ettertrakta at dei vert headhunta. Noko seier meg at dei siste to generalsekreterane tilhøyrer den tredje kategorien. I jakta på toppkandidatar for toppstillingar er det litt spesielle reglar som gjeld. For oss andre, så er søknaden eitt av våre viktigste verktøy for å finne jobb.

I likhet med Dagbladet, Karrieresenteret, NAV og Aftenposten, skal eg her samle nokre tips og råd til søknadsskrivingen basert på egne og andre sine erfaringar.

Eg valde sjølv å skrive ein nokså personleg søknad til stillingen i Røde Kors. Difor hadde eg noko blanda kjensler då eg sendte den avgarde. Det virka litt kleint å vere så…engasjert. Det fungete allikelvel greit for meg, og her er det som hjalp meg til å skrive ein bra søknad:

Bruk av venner og kjente i søknadsprosessen. Dei hjalp meg til å sjå heilskapen i teksta og var venlege, men ærlege kritikarar.

Vise forståing for organisasjonen/bedrifta sitt virke: for meg var det ein kjempefordel å kjenne til organisasjonen frå før.Eg var klar over min plass som tilsett i ein frivillegstyrt organisasjon.

Å vise at eg hadde ferdighetar og eigenskapar som var gode og relevante var ein ting,  men også vise til kva eg ville gjere med det i sjølve jobben.

På den andre sida, altså arbeidstakar si side, så har eg fått fylgjande inside info fra sjefen min om kva som er viktige å tenkje på i ein søknad:

Sekretariatsleder Røde Kors Ungdom

  • Gjer deg flid med CV’en. Når det blir mange søkarar er det den som blir lest grundig. Den bør helst ikkje vere for lang og detaljert, men vise til dei mest relevante erfaringane.
  • Søknaden bør ikkje repetere det som står i CV’en, men bør heller forsterke din relevans i bedrifta eller organisasjonen.
  • Vis til eksemplar frå tidligare situasjonar som illusterer dei eigenskapene du seier du har.
  • Ikkje blås opp erfaring– ver ærleg om kompetansen og erfaringa du har.

Eg vil også råde alle til å besøke karrieresenteret før søkanden sendes. Eg hadde lita tid på å skrive min søknad, og ein dropin-time hos Karrieresenteret gav meg konstruktiv og effektiv tilbakemelding slik at eg vart trygg på å trykke på send-knappen.

Avslutningsvis vil eit knippe av mine personlege rådgivarar i ein kvar profesjonell og mindre profesjonell samanheng  dele sine beste søknadstips med deg. Lykke til med søknadsskrivinga!

Arne - direktør i eit shippingselskap: CV'en bør være kort, helts ei side, maks to.

Jens, IT & forretningsutviklar: Opprett eit system (excelark e.l) med oversikt over alle søknadar og CV'ar du har sendt. Du vil ikkje andre på at du kan gå tilbake å sjå kva søknad du skreiv.

Grete, kommuneplanlegger: Ikke ver redd for å ta en telefon!

Borgny, gründer og konsulent: Formuler hva som er dine nøkkelkvalifikasjoner i din CV, ut fra den arbeidserfaringen og studiekompetansen du har.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: